Aktivitetar: Berre hopp!

1.

Lag ei teikning av scena på bryggja.

2.

Skriv ei alternativ fortsetting til historia, der Ingeborg tør å hoppe fra bryggja. Kva skjer då?

3.

Les meir om korleis det er å ha nedsett høyrsel. Lag ein kort presentasjon for resten av klassa om høyrselshemming.

4.

Skriv ei melding / chat frå Ingeborg til Pernille der ho spør om dei kan vere venner igjen. Skriv svaret frå Pernille, og så korleis denne meldingsvekslinga går vidare.

5.

Finn bilde på nettet eller i ei bok av eit dyr du liker godt, og lag ei lita bok om dyret der du skriv nokre faktasetningar som passar til bilda. Du kan bruke Book Creator eller lage ei bretta bok i papir.

6.

Lag ei liste med eigenskapar du synest ein god venn skal ha. Samanlikn lista di med læringspartnaren si liste, og saman skriv dokker ei liste i prioritert rekkefølge med det viktigast øvst.