Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Berre hopp!

Åshild Moldskred Samlaget 2021

Ingeborg og Pernille har blitt uvenner. No er det ingen som kan beskytte Ingeborg når andre seier ho er annleis fordi ho bruker høyreapparat. For at Ingeborg skal bli tøffare, oppfordrar storebroren hennar ho til å gjere ting ho ikkje har tort før. Men korleis skal Ingeborg bli tøffare når ho ikkje har bestevenninna si der?

DØDSING OG PIPANDE MÅSAR

Bak butikken bur mamma, pappa og eg i eit lysegrått rekkehus. Etter å ha låst meg inn med ekstranøkkelen som ligg i ei blomsterpotte, og funne den lilla badedrakta inst i ei av kommodeskuffene, rullar eg over hovudvegen og det korte stykket ned til badestranda.

Det er eg som bur nærast og er den første som kjem. Bendik er den som bur nest nærast. Pernille, Marte og Cibor bur lenger oppe i dalen, i det største byggefeltet.

Bygda vår, Måndalen, har to byggefelt. Dei ligg på kvar si side av elva, som kjem frå lengst oppe i dalen og renn ut i fjorden. Rundt oss ligg fjella på rekke og rad og ser ut som dei stikk hol på himmelen. Det trudde eg i alle fall før, at det var derfor det regna. Elles er det mange gardar her. Og altfor mange kyr. Ei av kyrne til Bendik og dei sparka meg i magen då eg var sju. Etter det har eg nekta å gå inn i fjøset deira.

Eg set meg på den einaste benken, fiskar fram mobilen frå lomma og sender ei melding til besta.

Kan du mate BB? Eg skal bade. kjem opp etterpå 🙂

BB er minigrisen min. Eg fekk han av mamma, pappa og Emil då eg måtte begynne å bruke høyreapparat. Han var eitt år då vi henta han. No er han fem.

Storebror min, Emil, er nitten og har perm frå militæret. Kvar gong han er heime, får eg bli med og skate. Og så liker vi å lære BB hundetriks, som å gi labb eller spele død. Men allereie i morgon må Emil reise tilbake til militærleiren langt oppe i nord. Det blir så stille og kjedeleg i huset når han drar.

Det dukkar opp tre prikkar under meldinga mi.

Besta svarar alltid med ein gong. Likevel bruker ho HUNDRE år på å skrive.

Eg legg merke til at eg nynnar. Det er ingen melodi som eg kjenner igjen, berre tilfeldige tonar som liksom pressar seg ut mellom leppene. Pernille brukte å erte meg for nynninga før. At lyden eg lagar når eg er i godt humør, høyrest ut som dei skumle tonane i ein skrekkfilm.

Saknar ho meg? Saknar ho å ligge i hengekøya til besta og skravle, ho også? Eller å sitte ved kjøkenbordet og måle neglene i ti ulike fargar, mens vi ventar på trollgrauten?

Den er grei, svarar besta.

Stranda er mikroskopisk. Det tar 5,4 sekund å spurte frå eine sida til den andre. Pernille og eg tok tida ein gong. Då vi var bestevenninner, likte vi å ta tida på ting. Det er skikkeleg fint her, med ei lita brygge i enden av steinmoloen, og ein stor plen til å ligge på. Plenen er delt på midten av ein gangveg, som har små lykter som lyser når det er mørkt nok ute.

Ei dame sit på plenen og følger med på to smårollingar som leiker med bøtte og spade i sanden. No roper ho til dei på eit anna språk. Det høyrest ut som tysk. Gangvegen går bort til campingplassen, og der er det alltid fullt av tyske bubilar om sommaren.

Den eldste av smårollingane spring opp til mora og hentar ein solhatt.

Langt ute på fjorden duppar ein fiskebåt. Måsane flaksar rundt han og liknar på ein svær myggsverm.

«Hei!»

Eg snur meg og ser Bendik legge sykkelen på graset. Han har skifta til badeshorts og har på seg svarte slippers.

«Hei!»

«Bli med uti?» Bendik sparkar av seg slippersane og vrenger T-skjorta over hovudet.

«Okei!» Eg trakkar ut av shortsen, legg han oppå mobilen på benken og spring etter han ned på stranda. Bendik er snar med å kaste seg uti og dukke under.

Eg stansar heilt nede ved kanten, der små bølger skyl over tærne mine. Ei død vassmanet flyt på ryggen i overflata.

«Kom igjen, då! Det finst ingen brennmaneter her, eg har sjekka», seier han då han poppar opp frå fjorden og ristar vatn ut av krøllane.

Eg liker best å bade oppe ved hytta. I fjellvatn finst ikkje brennmaneter, tang som kilar meg på beina, eller slimete tare. Og høyreapparata toler ferskvatn, slik at eg kan bli våt i øyra. Noko av det beste eg veit, er å ligge på rygg i vatnet, duppe som ein liten båt, og kike opp på skyene.

Eg vassar utover mot der Bendik står med vatn tilbrystet. Små steinar stikk i huda under føtene, eg er ikkje vand med å gå berrføtt.

Først er det så kaldt at eg helst vil snu og gå tilbake. Men berre eg står stille ei lita stund, følest vatnet like varmt som lufta.

«Er du pyse, eller?» seier Bendik og gliser mot meg.

«Ha! Er eg vel ikkje!» Eg går to skritt til og kastar meg framover. Eller, kanskje ikkje akkurat kastar, eg gjer det så forsiktig at vatnet ikkje går over øyra. Sist gong eg var uforsiktig, måtte eg bruke dei større reserve-høyreapparata i ei heil veke, mens desse var til reparasjon.

Bendik dukkar under igjen. Eg kikar meg fort rundt for å sjekke om ei brennmanet er på veg inn frå den djupe fjorden.

Eg hyler då eit eller anna grip meg rundt leggen. Noko flagrande og mørkeraudt er på veg opp mot meg frå under vatnet.

«Slutt!» seier eg då Bendik bryt vassflata. «Du liknar på ei brennmanet med det håret ditt!»

«Eg fattar ikkje korleis du kan vere redd for brennmaneter, men ikkje klegg», seier han og dyttar vekk ein våt krøll frå fjeset. «Maneter driv berre uskyldige rundt med straumen. Klegg er vonde!»

«Ingen insekt er vonde, vel. Dei berre bit litt.» Eg må sparke hardt med beina for å halde hovudet over vatnet.

«Litt?! Det kjennest som dei prøver å rive av eit kjøtstykke når dei bit», Bendik er blitt kortpusta. «Og huda mi hovnar opp til vassmelonstørrelse etterpå.»

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

 

Les meir om forfattaren her

Forfattaren har skrive fleire bøker. Sjå ei oversikt her

Hovudpersonen i Berre hopp!, Ingeborg, brukar høyreapparat.

Her er ein video om korleis høyrselstap kan høyrast ut:

 

Boktips:

Spådama i 7b av Harald Nortun

Ser du dette av Sigrid Agnethe Hansen

Svikta! av Bente Bratlund

Til toppen