Opplegg til Berre hopp!

av Åshild Moldskred

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

– Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader)
– Kva trur dokker denne romanen handlar om?
– Korleis passar tittelen Berre hopp! til det dokker trur om handlinga?

UNDERVEGS:

Dokker kan gjerne lese utdraget høgt i klassen. Del klassen i to, der halvparten skal gjere punkt a og den andre halvparten gjere punkt b.

– Sette strek under ord som har med svømming og bading å gjere.
– Streke under ord som har med vennskap eller uvennskap å gjere.

Skriv orda opp på tavla/skjermen i klasserommet. Er orda substantiv, verb, adjektiv eller adverb?

ETTER LESINGA:

Snakk saman i grupper eller i samla klasse

– Ingeborg er seinare i boka veldig opptatt av å skate, og får ei utfordring av broren sin til å gjere noko ho eigentleg ikkje tør. Når dei skal dødse frå brygga, endar det med at Ingeborg går. Har dokker nokon gong blitt utfordra til å gjere noko dokker ikkje tør? Korleis gjekk det?
– Kva meiner dokker er den største utfordringa med å ha nedsett høyrsel? Kan det også ha nokon fordelar?
– I utdraget får vi lese både om uvennskapen med Pernille og vennskapen med Bendik. Korleis kan ein bli vennar igjen om ein er blitt ueinige?
– BB er minigrisen til Ingeborg. Kva er det beste med å ha eit kjæledyr?
– Kva inntrykk får dokker av Ingeborg? Og Bendik?

Vurdering:

Snakk saman i grupper og summer opp i samla klasse.

– Kva likte dokker med dette utdraget? Skriv tre stikkord.
– Var det noko dokker ikkje likte? Kvifor?
– Har dokker lyst til å lese vidare i boka? Kvifor/kvifor ikkje?

Skriveoppgåver:

Du skal velje ei av oppgåvene.

– Skriv om eit dyr du liker godt.
– Skriv om ein av vennene dine. Kva liker dokker å gjere i lag?