Aktivitetar: Skallen

1.

Skriv ei bokmelding av utdraget. Synest du det var skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?

2.

Skriv ein grøssar eller lag ein video. Les høgt eller vis han for klassa.

3.

Slå av lyset i klasserommet og lag ei teikning av hovudskallen frå utdraget.

4.

Jobb saman to og to, og sjå på denne nettstaden: https://denungeherrholm.smugmug.com/Other-Arts/Daily-Ink-Monsters/
Bestem dokker for eit av bilda dokker synest er skummelt. Diskuter med kvarandre kvifor det er skummelt. Dokker kan sjå på nokre av bilda i samla klasse og snakke saman om kva som lagar ein skummel effekt.

5.

Mange segner kan ha eit overnaturleg eller skummelt innhald. Finn ut kva ei segn er, og om det finst nokon segner på/om heimstaden din.

6.

Teikn eit kostyme du kunne tenke deg å bruke på halloween.