Opplegg til Skallen

av Harald Nortun

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

Klassesamtale:

– Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader)
– Kva trur dokker denne romanen handlar om?
– Korleis passar tittelen Skallen til det dokker trur om handlinga?
– Kva forventningar har vi til ein tekst som er omtalt som grøss?
– Veit dokker om andre bøker eller filmar som er grøssarar?

UNDERVEGS:

Dokker kan gjerne lese utdraget høgt i klassen. Medan dokker les, kan dokker setje strek under ord eller setningar er som er med på å skape spenning eller uhygge.

ETTER LESINGA:

– Skriv opp dei orda/setningane elevane har plukka ut medan dokker las på tavla/skjermen. Det kan t.d. vere desse: Lukt av bål, ein knokkel, mørke, ei røvarhole, kjensla av å bli sett, meldinga med ein hovudskalle, inga dekning. Samtal i klassen om kvifor og korleis desse orda er med på å lage spenning eller uhygge.

– Finn eitt eller fleire adjektiv til desse substantiva som gjer at dei blir skumlare:
huset, båten, skogen, loftet, mannen, øksa, latteren

Skriveoppgåver:

– Skriv vidare på forteljinga.
– Plukk ut tre av orda på tavla og bruk dei i ei anna spennande forteljing.
– Skriv eit femlinjersdikt der første linja kan vere: spøkelse, rønna, skallen, kniven eller andre ord som signaliserer noko skummelt.