Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Skallen

Harald Nortun Samlaget 2021

Erik og Ben er på fisketur på fjellet og har heile Reinsvatnet for seg sjølv. Eller er dei eigentleg aleine der oppe?

Vi står lenge og fiskar utan napp,
og sola forsvinn bak grå skyer.
Vinden stilnar. Myggen summar
og stikk overalt der han finn hud.
Sommaren er snart slutt her på fjellet,
bjørkeblada begynner å bli gule.
Nettene blir mørkare, kvelden kjem tidleg.
Fisken bit ofte bra i skumringa,
så eg kastar ut spinnaren ein gong til.

Då kjenner eg lukta att.
Den same lukta som tidlegare. Lukta av røyk.
Av bål. Av brent ved.

Har lukta vore her heile tida?
Eller er det innbilling?
Ei uro veks fram i meg.

Ei kjensle av at nokon ser oss.
Står det nokon bak ryggen min?
Eg snur meg og sjekkar.
Rundt vatnet veks fjellbjørk og eine,
og det ligg store steinar overalt.
Det er lett å gøyme seg og spionere.

– Erik, roper Ben igjen og ler.
– Veit du kvifor ingen fiskar i Reinsvatnet?
Det einaste som bit, er myggen!

– Ha ha! Vi prøver igjen i morgon tidleg, seier eg
og sveiver inn for siste gong.
Det er nesten mørkt og på tide å legge seg.
Vi går mot teltet.

– Skal berre på do!
Ben går bak nokre tette busker,
og eg går bak ein diger stein.
Då kjenner eg det igjen, endå sterkare,
ei tydeleg lukt av bål og brent ved.
Eg gjer meg ferdig og kikkar meg rundt.
Og der er beviset.
Eg har hatt rett heile tida.
– Ben, roper eg, – kom hit!

Det knekk i kvister bak meg,
Ben brøyter seg gjennom buskene.

– Sjå der, seier eg og peiker framfor bergveggen.
– Det er bålet vi kjente røyklukt frå.

I ein ring av steinar ligg oske og brent ved.
Eg finn ein kvist og pirkar i bålrestane.
Noko hektar seg fast på kvisten,
det er ein brent fiskekrok.
Eg grev meir og finn ein firkant av metall.

– Sjå, ei beltespenne, seier eg.
– Nokon har vore her på fisketur
og kasta ein krok og eit belte på bålet.
– Kvifor brenne eit belte? spør Ben.
– Sjå, det ligg jo meir ved her!

Ben tek opp noko frå lyngen.
Det ser ut som ei grein utan bork,
klar til å bli lagd på bålet.
Men det er inga grein.
– Ein knokkel! seier han.
– Dei fekk ikkje fisk, dei heller,
så dei har grilla kjøtt.

Ben held knokkelen fram så eg får sjå.
– Det er bitemerke på han, seier han.

Det ser ut som ein svolten fyr
har gnege knokkelen rein for kjøtt.
– Er knokkelen frå ein elg? undrar eg.

– Han er i alle fall for stor til å vere sau.
Ben held knokkelen inntil låret sitt
for liksom å måle lengda.
Knokkelen er like lang som låret hans.
– Er det fleire bein her?
Finn vi skallen, veit vi kva dyr det er.

Vi leiter etter fleire bein,
men vi finn noko anna.
Det er ei hòle i berget. Ben roper ut:
– Det må vere hòla der røvaren budde!
– Ingen kan bu der, seier eg, – hòla er for lita.
Men eg er usikker, kvelden er mørk,
det er vanskeleg å sjå ordentleg.

– Har du fyrstikker? spør Ben.
– I teltet. Har du lommelykt? parerer eg.
– Kan bruke mobilen, svarer Ben.
– Lys inn, då! masar eg.
– Eg la mobilen i teltet etter at eg tok bilde.
Det er jo ikkje dekning her, seier Ben.

– Tabbe, innrømmer eg,
– Lars Monsen hadde aldri gløymt lykt.

Sist vi låg i telt, var det lyst heile døgnet,
men seint i august er nettene mørke.
Rundt oss er det skuggar overalt.
Det er lett å gøyme seg, spionere
og snike seg innpå oss.
Eg blir kald på armane, huda nuppar seg.
Det er ikkje berre fordi kvelden er kjølig.
Eg synest eg høyrer lydar rundt oss,
listande steg og kviskrande stemmer.

– Trur du det er nokon her? spør eg lågt.
– Nokon frå bubilen vi såg på veg opp?
Ben trekker på skuldrene.
– Då hadde dei komme og sagt hei
og spurt om vi fekk fisk.
– Kanskje dei gøymer seg, seier eg.
Ben nøler før han svarer,
eg trur han er redd.
Han prøver seg med ein spøk:
– Dei har sikkert ikkje fiskekort!
Ben bruker ofte å tulle når vi er i trøbbel,
men no er det ingen av oss som ler.

– Vi kan sjekke hòla i morgon, seier eg.
– Jepp. Når sola er oppe.

Vi går til teltet, pussar tennene
og spyttar kvitt tannkremskum i lyngen.
Natta senkar seg over Reinsvatnet.
Vi rullar ut soveposane, kryp nedi
og dreg glidelåsen tett oppunder haka.

– No er eg daudtrøytt, geispar eg.
– Ikkje vekk meg med teite meldingar i natt!
– Lover, svarer Ben. – Men du?
Han røvaren, kva hadde han gjort?
– Han drap folk. Han var ein mordar, seier eg.

Eg lukkar auga.
Tenker på røyklukta, hòla og knokkelen.
Vi er ikkje åleine her, det kan eg vedde på.
Eg ligg vaken, lyttar etter steg i lyngen,
låge stemmer, kviskring …

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Harald Nortun heiter forfattaren av denne boka. Du kan lese meir om han her

Boktips:

Grøss og gru er ein serie med bøker frå Samlaget. Her er nokre tips:

Eg har venta på deg av Atle Hansen

Bergtatt av Selma Lønning Aarø

Den svartkledde jenta av A. Audhild Solberg

Til toppen