Opplegg til Granittgutta. Dronemysteriet

av Svein Jarle Åbrekk

Dette opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

Klassesamtale

Be elevane sjå på framsida og snakk om kva de ser.

Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

– Kva ser de på framsida av boka?
– Kva for stemning formidlar bilete, fargebruk, kontrastar – skummel, spennande, artig, trist?
– Kva er det som gjer at de får den kjensla?
– Kva er tittelen på boka?
– Kva er ein drone, og kva kan han brukast til? (Til dømes kan ein drone filme utilgjengelege stader og leite etter personar i skred og fjellsider og brukast til å frakte ting, i tillegg til å vere eit «leiketøy».)
– På framsidebiletet er det mørkt, med berre eit opplyst vindauge. Kva er det som er spesielt med utsikt og innsyn når det er mørkt ute? (Dei inne ser ikkje så godt det som er ute, men dei som er ute, ser lett inn i opplyste rom)
– Kan alle flyge drone når og kvar som helst? (Nei, det er lover for slikt.)

Boka handlar om Frank og Kristoffer, som bur i Granittvegen der det sjeldan skjer noko som helst. Gutane er nesten naboar, det er berre huset til gamle fru Syvertsen som ligg mellom husa deira. Frank og Kristoffer elskar gaming. Og det er alt de treng å vite før de les utdraget.

UNDERVEGS:

Set strek i margen når du les …

– noko som er interessant for deg
– noko du lurer på
– noko som er spennande

ETTER LESINGA:

Klassesamtale.

Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på medan de las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

Den litterære samtalen i dette opplegget tek utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

Her er nokre spørsmål de kan starte med:

– Kva handla utdraget om?
– Kva tenkte du då hunden Ragge stivna til og stira mot vindauget
– Trur du nokon spionerer på Frank med vilje?
– Kva trur du kjem til å skje?

Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Bygg gjerne vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert.

Når elevane har formulert og diskutert leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere. Her er nokre spørsmål, men bygg gjerne vidare på innspela frå elevane i staden for.

– Har elevane erfaringar med dronar?
– Korleis ville du reagert om du oppdaga ein drone rett utanfor soveroms- eller stoveglaset heime?
– Kvifor trur du at forfattaren skildrar hunden Ragge sin reaksjon mot dronen utanfor vindauget?
– Kvifor trur du at forfattaren skildrar nøyaktig kva slags datamaskin, skjerm og drone som er i forteljinga? (Kan det vere for å gjere det truverdig og interessant for dei som har interesse for teknikk?)
– Kva trur du kjem til å skje vidare?

Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til forventningane de hadde før lesinga.

Vurdering:

Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa og sjå om de kan kome fram til ei felles vurdering.

Likar de utdraget frå Dronemysteriet? Kvifor / kvifor ikkje?

Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å fortelje om leseopplevingane sine og meiningane som betyr noko for dei. Det går an at vurderinga inneheld argument både frå dei som likte, og dei som ikkje likte utdraget så godt. Legg gjerne att ei vurdering i boksen «Læraren si vurdering» under utdraget.