Opplegg til Kampen

av Geir Egil Eiksund

Opplegget er laga av Nynorsksenteret

FØR LESINGA:

Kampen er ein roman. Sjå på framsida av boka. Dette vert også kalla bokomslag. Legg merke til tittelen på boka.

Samtale i klassen:

– Korleis vil de beskrive illustrasjonen? Kva detaljar legg de merke til?
– Tittelen på boka er Kampen. Kva tenkjer de er samanhengen mellom tittelen og illustrasjonsbildet?
– På baksida av boka står det: «Det har nettopp blitt sommarferie, og 11 år gamle Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Viljar heiter han, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake.» Har denne baksideteksten noko å seie for korleis de forstår framside og tittel?
– Boka er skriven av journalisten, læraren og forfattaren Geir-Egil Eiksund. Kva veit de om sjangeren roman? Kva forventingar har de til romansjangeren?

LESING:

Eleven/klassen les sjølv eller lyttar oppmerksamt til teksten (høgtlesing av læraren eller lydspor i undervisningsopplegget).

ETTER LESINGA:

I læringspar: Finn du setningar i utdraget som skildrar desse interessene og personane: fotball, musikk, Andreas, Viljar? Skriv dei i tilfelle ned.

I gruppe: Kva setningar har de funne fram til? Er dei like eller ulike?

Snakk saman om og forklar ordklassane adverb og adjektiv.

Kva adverb tenkjer de kan skildre fotballinteresse og musikkinteresse?

Kva adjektiv tenkjer de kan skildre Andreas og Viljar?

Læraren fortel: Kampen handlar mellom anna om å kunne vere fri og open om kven ein er forelska i. Jenter kan vere glade i jenter, gutar kan vere glade i gutar, og jenter og gutar kan vere glade i kvarandre.

FN sine berekraftsmål er ein felles arbeidsplan som verda har for å utrydde fattigdom, fremje likeverd og stoppe klimaendringar innan 2030. Sjå særleg på berekraftsmåla god helse og livskvalitet, likestilling mellom kjønna, mindre ulikskap, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar.

Undervis om kva menneskerettar er (Den internasjonale fråsegna om menneskerettane).

Snakk saman om kvifor fridom til å elske kven ein vil, er menneskerettar og ein del av FN sine berekraftsmål.

Drøft: Kva er å vere ein god venn?

Kva kan de finne ut om kampanjen #Tacklehomophobia?

Kvifor trur de det er viktig at til dømes fotballmiljø og musikkmiljø er trygge og likeverdige møteplassar for alle?