Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Kampen

Geir Egil Eiksund Samlaget 2021


Andreas og Sara skal spele fotball heile sommaren. Ein ny gut har flytta til bygda. Han heiter Viljar og får hjartet til Andreas til å slå fortare enn vanleg. Men kva skal han svare på hjartemeldingane frå Sara?

AVTALEN

Eg vaknar lenge før mamma og pappa. Eigentleg skulle eg teikne på borga, men no orkar eg ikkje. Ser på YouTube i staden, Liverpool-klipp. Eg får ikkje bort tanken på den raude djevelen.

Det er så mange som heiar på United på skulen. Og dei rottar seg alltid saman. Det er berre eg som heiar på Liverpool i klassa. Og om dei vinn ein kamp, ertar alle meg og seier at det berre var flaks, og dersom dei taper, skriv dei Looserpool på tavla i friminuttet eller går rundt og lagar ein «L» med fingrane i panna mot meg. Sjølvsagt tullar dei berre, men tenk å kunne vere to Liverpool-fans! Då hadde dei sikkert slutta.

Eg søkjer opp eit bilete av ein kaps med United-logoen, finn eit blankt ark og byrjar å teikne den stygge kapsen. Tenk at han går rundt med noko slikt på hovudet. Eg teiknar han nesten heilt ferdig, men det blir ikkje fint med ein kaps hengande i lause lufta. Eg må teikne Viljar også. Auga, smilet. Nei. Eg kan ikkje teikne at han smiler. Han må sjå sur ut. Det blir betre.

 

«Kan du stikke på butikken ein tur, Andreas?» Det er mamma som spør. No har dei visst stått opp, det kjennest som om eg har teikna i fleire timar. Er ho sint på meg for det med kyrkja? Nei, det ser ikkje slik ut.

«Vi manglar sopp til middagen.» Ho kjem bort og gjev meg ein 50-lapp. Puttar han inn i handa mi.

Eg legg den andre handa over teikninga heilt på refleks.

«Du kan få bruke resten på noko godt til deg sjølv», seier ho og smiler til meg.

Eg pakkar saman fargeblyantane og legg teikninga nedst i papirbunken. Tek på meg skoa og går ut i sola. Det er godt å tenkje på noko anna enn djevlar.

På butikken finn eg ein blå plastboks med sopp til mamma. Han er skikkeleg billig, så eg har lett råd til ein sånn mellomstor mjølkesjokolade i tillegg. Eg betaler og går ut att i sola.

På benken i busskuret er det skugge. Eg set meg ned og byrjar å opne sjokoladen, då eg høyrer eit svakt plask frå stranda ein stad. Så ser eg eit hovud med kaps stikke opp bak steinane som skil hovudvegen frå fjorden. Det er han. Den nye guten. Han står der nede heilt åleine og kikar utover fjorden. Eg reiser meg raskt opp, skal til å gå heim igjen, men plutseleg høyrer eg stemma hans.

«Hei!» Guten ropar etter meg, slik at eg må snu meg. Han har kome opp i vegkanten. Han smiler. Eg smiler stivt tilbake, men kjenner at det ikkje er ekte.

«Kva gjer du her?» spør eg og går sakte mot han.

«Veit ikkje heilt.» Han er trist i stemma. Er han lei seg?

«Vil du ha litt sjokolade?» seier eg før eg får tenkt meg om. Eg går bort til han og rekkjer fram den gule sjokoladen.

«Takk», seier han og tek imot. Han knekkjer av ein bit av sjokoladen og gjev resten tilbake til meg.

«Det var Viljar du heitte?» spør eg og knekkjer av ein litt stor bit til meg sjølv også. Trippel-bit. Eg veit jo at han heiter det, men må liksom spørje om noko.

«Ja. Viljar. Eg kjem frå Bergen.»

«Du likar fotball?» glepp det ut av meg.

«United og Brann. Du også?» spør han.

«Liverpool.» Med ein gong eg seier det, kjenner eg at eg har lyst til å stikke.

«Å ja, men dei er jo gode. Kan fort vinne neste sesong», seier han, som om det ikkje er dumt at vi heiar på erkerivalar. Eg ser på han. Han smiler igjen.

«United har mange gode spelarar, då», seier eg. Prøver å finne noko positivt å seie om laget hans.

«Ja, men dei er litt ustabile. Kan vinne den eine kampen mot eit topplag, og så tape den neste mot eit botnlag.» Han snur seg og ser utover fjorden igjen. «Spelar du mykje fotball, forresten?»

«Ja, men eg er ikkje så god.» Eg berre seier det som det er. «Og du?»

«Ja, eg spelar på eit lag i Bergen. Midtbane. Men no skal eg ikkje spele med dei meir.» Stemma hans blir svak når han seier det. Eg rekkjer fram sjokoladen igjen, men han ristar på hovudet.

«Det er eit ganske godt fotballag i sentrum, då. Der kan du sikkert starte til hausten», seier eg.

«Spelar du der?» spør han og ser på meg att. Det stikk til i magen. Skal eg fortelje?

«Nei, eg …Eg gjer ikkje det. Eg spelar org … Orgel. Og piano. Det tek så mykje tid …» Eg stivnar. Kvifor fortel eg dette? Han kjem sikkert til å tenkje at eg er heilt dust, ein orgelnerd.

«Kult! Eg har aldri fått lov til å spele instrument. Kan eg få høyre deg spele ein gong?» spør han.

«Ja, eh … Ein gong», svarar eg. Høyrer korleis orda stokkar seg til. Eg blir varm i andletet. Plutseleg ramlar berre setningane ut, og eg byrjar å bable. «Pappa er organist i kyrkja, og mamma er kyrkjetenar når det er gudsteneste. Så eg er ofte der. Då får eg øve etterpå med pappa …»

Eg stoppar brått. No kjem han i alle fall til å tru at eg er kjempekristen. Og kjempekeisam.

«Eg har nesten aldri høyrt orgel, trur eg. Har berre vore i kyrkja på sånn julegudsteneste med klassa. Er det vanskeleg å spele?» spør han.

Det verkar ikkje som han synest eg er kjempe-nokosom-helst.

«Ja, det er det. Om du vil, kan du få bli med og prøve orgelet ein dag.»

«Det vil eg. Men sikkert best om du spelar.» Han smiler og rekkjer fram handa. «Avtale?» spør han.

«Avtale», svarar eg. Ei rar kribling spreier seg i magen. «Og så må du gjerne bli med og spele fotball i morgon. Vi spelar VM, og neste kamp er klokka elleve.» Orda berre renn ut.

«Dobbel avtale», svarar han.

Eg smiler tilbake. Heilt på ekte, denne gongen.

NB! På grunn av rettigheiter har vi sletta deler av utdraget og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Andreas er Liverpool-fan. Les meir om klubben her

Viljar er Manchester United-fan. Les meir om klubben her

Boktips:

Passe happy av Kari Stai

Dumme, dumme hjarte Linda Klakken

Avlyst på grunn av sorg av Magnhild Bruheim

Film- og TV-serietips:

Rabalder på NRK

Finteskolen på NRK

Til toppen