Opplegg til Ti utrulege oppfinningar

av Bår Stenvik
illustrert av Rune Markhus

Opplegget er laga av Nynorsksenteret

Vedlagt finn du to læringsstiar der ein arbeider med kvar av dei to tekstane:

Oppvaskmaskina

Autotune

Læringsstiane er forma som to lysbiletepresentasjonar med nokre filmklipp og oppgåver elevane skal gjere aleine, i par og i grupper på fire.

Målet med kvar økt er at elevane skal lese og forstå teksten og jobbe i grupper med å lage ein presentasjon av dei to oppfinningane.

Du må rekne om lag ein dobbeltime på kvar ressurs, men det er du som lærar som bestemmer organisering og tidsbruk. Presentasjonen/læringsstien er meint som eit forslag.

Førebuing:

Gjer klar presentasjonen i klasserommet. Sjekk at filmpeikarane fungerer.

Til kvart av opplegga treng de i tillegg:

– Skrivesaker
– Tid for ti-antologien eller utskrift av tekstane de skal bruke
– Gule lappar
– Digitale einingar/store ark til å lage presentasjonar med

Andre oppgåver:

Oppgåvene som følgde utdraget frå Ti utrulege oppfinningar som var med i Tid for ti i fjor, kan ein også gjere til utdraga i år.