Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Blå flaggermus

Harald Nortun Samlaget 2019

KAPITTEL 1

Sommarferien starta med at ein måse dreit i håret mitt.

Eg og Tomas hadde stoppa ved måsekolonien for å sjekke kor store ungane var blitt. Dei flaug allereie, dei gaula og skreik. Foreldra stupte trugande ned mot oss, og ein av dei bomba meg med drit midt i planeten. Vi sprang tilbake til syklane, og Tomas tørka håret mitt med ein mosedott. Eg tok på meg hjelmen i tilfelle måsen kom på nytt bombetokt.

«Har du pengane?» spurde Tomas. «Pedersen tek garantert berre cash.»

Eg stakk handa i lomma, kjente på myntane. Måsen dreit i nyklipt hår, eg kom rett frå frisøren, heime hadde eg bløffa om at klippen var gått opp i pris, så no var dei siste kronene på plass.

Vi sette oss på syklane og rista og skrangla nedover den smale, humpete grusvegen.

Huset til Pedersen var langt og kvitt og gammalt. Eitt av vindauga var spikra igjen med finerplater. Gjennom det høge graset gjekk ein sti til døra. Ut kom ein mann i blå kjeledress med glidelåsen open til magen.

«Goddagen», sa Pedersen, «kva er dei karane ute etter?»

«Høner», sa Tomas.

Pedersen stabba krumrygga ned til hønehuset og vi etter.

Åtte små høner sprang rundt i eit eige bur. Tomas peika på ei høne med flekker av brunt og svart og grått og sa han ville ha den.

«Vil du ha ei spraglete, du òg?» spurde Pedersen.

Eg visste ikkje kva spraglete var, så eg bad om den brune.

Pedersen gjekk inn i buret og fanga begge hønene, putta dei i ei pappkasse med bananar på, la på lokket og teipa med sølvgrå gaffa.

«Og ungdommen betaler vel alltid med mobilen?» spurde Pedersen. «Eller bruker de kort enno?»

Han drog ein iPhone opp av lomma på kjeledressen.

«Nja», mumla Tomas. «Tek du cash?»

Vi betalte og knytte hønekassa bakpå sykkelen til Tomas.

Pedersen gav oss gode råd om mat og stell. Høner må ha sand å bade i, og dei må ha kalk for å lage hardt eggeskal. Det var mykje fin skjelsand i Nordvika, tipsa Pedersen. Nordvika var rett i nærleiken, så eg og Tomas sykla dit. Like nedanfor vegen var sanden nesten kvit, full av små skjelbitar. Vi skufla kvit skjelsand i to plastposar som Pedersen hadde gitt oss.

I graset over stranda låg søppel frå ein grillfest. Papptallerkenar, halvetne pølsebrød, ketsjup og ein mørkeraud grillsaus. Tomas spruta ketsjup og saus på berget og rørte med ein pinne. Det såg ut som tjukt blod.

Eg smurde litt av blodsausen på armen min. Tomas knipsa med mobilen, på bildet såg det ut som eit ekte sår.

«Firar på skadometeret», sa eg.

«Tre», meinte Tomas, «det såret ser ikkje særleg djupt ut.»

Vi laga ein dam av ketsjup og saus på vegen. Eg smurde litt av den raude guffa i ansiktet og på hendene. Så la eg meg på vegen med open munn og stirande auge. Tomas knipsa, og på bilda såg det ut som bloddammen kom frå meg.

«Seksar på skadometeret», sa Tomas. «Gjer deg klar for å filme!»

Eg sprøyta ketsjup inn i munnen og la meg på vegen. Tomas filma med mobilen, og eg gulpa ketsjupen ut med eit spyaktig buæ! På filmen såg det ut som ekte blod rann ut av munnen min.

«Sju på skadometeret», sa Tomas.

«Åtte», meinte eg, «for blod frå munnen kan vere indre blødingar langt nede i magen.»

Langt borte i enden av vegen såg vi to prikkar. Nokon stod i vegkanten heilt nede ved hestegjerdet. Tomas meinte det var Erik og Ivan, det var bestefaren til Erik som eigde hestane. Tomas var sikker på at Erik og Ivan hadde tenkt seg hit til stranda. Og no skulle dei på film. Utan at dei ante det.

Vi laga meir jukseblod, og eg la meg midt på vegen med sykkelen velta. Tomas gøymde seg i buskene med mobilen klar.

«Eg kjem fram når dei ringer etter hjelp», kviskreropte Tomas.

Eg viste tommelen opp, snakke kunne eg ikkje, for munnen var full av ketsjupblod.

KAPITTEL 2

Det knasa i grusen. Erik og Ivan må ha sykla vanvitig fort. Men lyden kom ikkje frå sykkeldekk. Det var bildekk og motordur. Eg løfta forsiktig på hovudet og såg ein liten mintgrøn bil. Den kjente eg igjen frå parkeringsplassen på skolen. Det var Malin, læraren til Tomas.

Malin bremsa ned og svinga ut på vegkanten. Framhjulet sklei ut i grøfta og fronten dunka inn i ein trestamme. Malin storma ut og ropte:

«Sander! Sander, kan du høyre meg?»

Eg svarte ikkje, for eg var i koma, minst åtte på skadometeret. Eg strevde med å ligge stille og halde latteren inni meg. Litt ketsjupblod pipla ut av munnen og rann nedover kinnet.

Eg opna det eine auget på gløtt eit sekund. Lenge nok til å sjå at Malin stakk handa i veska og drog fram eit bind. Ho pakka ut bindet og tørka meg rundt munnen og i ansiktet. Bindet var mjukt og tørt og saug til seg ketsjupblod. Det kilte sinnssjukt.

«Kjære Sander», sa Malin. «Kjære, snille, gode nevøen min!»

Nevø? Eg kjempa hardt for å halde meg i koma. Eg var ikkje nevøen til Malin. Ho var ikkje tanta mi. Kva var det ho tenkte?

«No skal eg be for deg!» sa Malin.

Ho kan knapt seie eit ord utan at alle får vite at ho og heile slekta er veldig kristne.

Berre Tomas i buskene fekk med lyden, så kunne filmen bli skikkeleg bra.

«Kjære Jesus», sa Malin, «kjære vennen min. Kjære Gud. La di kraft komme til oss no. Eg angrar på at eg ikkje har gjort meir for Sander på skolen. Eg skulle stoppa Erik og Ivan når dei erta. Eg lover at vi som er rike, skal hjelpe dei fattige som bur i Slummen. Eg lover, berre du lèt Sander vakne og komme frisk tilbake til livet!»

Orda Malin sa, laga floke i tankane mine. Først var eg liksom nevø og ho var tante. No snakka ho om erting, om å hjelpe dei fattige i Slummen. Og tilbake til livet. Trudde ho eg var stein daud, ein tiar på skadometeret?

«Ambulansen kjem snart», sa Malin, «eg ringde 113 straks eg såg deg. Eg sa det var ei ulykke i Nordvika, nokon ligg livlaus midt på vegen. Dei lovde å sende hjelp så fort dei kunne. Åh, kjære, snille, gode nevøen min!»

No måtte Tomas komme, for Malin hadde allereie ringt, no måtte Tomas springe fram og be Malin smile til fotografen. Kom igjen, ropte eg i tankane, kom igjen, Tomas!

Malin byrja å fingre med munnen min. Prøvde å opne den. Eg heldt igjen. Munnen var jo full av ketsjup, eg skulle ikkje spy den ut før Tomas kom og filma.

Plutseleg klemte Malin naseborene mine saman slik at eg ikkje fekk puste. Eg skjønte kva som kom.

Munn-til-munn-metoden.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå andre bøker av forfattaren her

Boktips:

Klure av Atle Hansen
Apetryne av Atle Hansen
Kampen om superbitchene (bokmål) av A. Audhild Solberg
Pym-serien (bokmål) av Heidi Linde

Til toppen