Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Djevelen vil alltid finne deg

Lars Mæhle Samlaget 2019

Ein dag begynner Regina Korp i klassa til Onu, Alex og Irmelin. Same dagen har læraren invitert styraren for Sagbruksmuseet, Seamus Waterson, til å halde eit foredrag om ei grotte som i lang tid har prega liva til innbyggarane i bygda. Etter foredraget bestemmer Onu, Alex og Irmelin seg for å undersøkje grotta nærare. Det er Onu som fortel.

II

Eg veit ikkje kva som overraska meg mest. Eg meiner, eg hadde jo høyrt gjetord om den berømte grotta så lenge eg kunne hugse.

Men eg hadde aldri sett grotteopninga med eigne auge. Ikkje før no.

Idet eg stod der, framfor det vesle hòlet, som knapt var ein meter høgt og breitt, verka det som tidenes antiklimaks. Kunne verkeleg dette vere grotta? Staden som truande valfarta til i hopetal i gamle dagar? Denne knøttvesle hòleinngangen?

Men som munnhellet seier: Ein skal ikkje skode hunden på håra.

 

Irmelin stilte seg opp framfor hòleopninga. Ho sende ei sped, lett skjelvande stripe av lys inn i det mørke gapet.

– Kva ser du? spurde Alex.

Irmelin vende seg mot oss.

– Ingenting. Eg ser absolutt ingenting.

– Er hòla djup? heldt Alex på.

Irmelin nikka.

– La oss gå inn, sa ho.

– Men …, begynte Alex. – Er du heilt sikker …?

Irmelin retta lommelyktlyset mot ansiktet til Alex, slik at han måtte føre handa framfor auga.

– For ein pyse du er! fnyste ho.

Alex krympa seg. Så vende Irmelin lyskjegla mot ansiktet mitt.

– Kva med deg, Onu? Feigar du også ut? I same augeblikk skaut åtvaringa frå Regina opp i meg. Don’t go into the cave! Eg grøssa, forsøkte å samle alt eg hadde av mot, men blei ståande og nøle. Til slutt glapp likevel orda ut av meg:

– Eg er med.

Alex sende meg eit panisk blikk. Det gjekk vel opp for han at alternativet hans no, det å stå att aleine utanfor hòla, var enda meir skremmande enn å gå inn saman med oss.

– Eg blir med ein liten tur, kviskra Alex til slutt.

Irmelin svarte ikkje. Ho berre bøygde hovudet og kleiv inn den vesle hòleinngangen. Alex og eg følgde taust etter.

 

Vi steig inn i ei verd av stein. Kalde, harde veggar. Eit lukka rom inni fjellet. Ein smal, trong tunnel. Alt vi høyrde, var lyden frå stega våre. Klakk frå sko som blei kasta i ekko mellom steinveggane.

Eg skimta lyset i handa til Irmelin. Det stupte framover i mørket, virra mot veggane eit stykke framme i tunnelen. Sjølv såg eg nesten ingenting. Eg brukte hendene som følehorn. Let fingrane stryke varsamt mot den harde steinen. Slik ålte eg meg framover. Eitt og eitt steg av gongen.

Vi stabba og halvveges kraup slik ei lang stund. Lenger og lenger innover. Eg kjente det snøre seg til i halsen, var i ferd med å få skikkeleg klaus. Kjente meg meir og meir innestengt og klam for kvart steg. Vi måtte da ha gått i fleire minutt no?

Brått merka eg det: Irmelin hadde stansa.

Samtidig høyrde eg eit slags summande sus. Ei fjern flaksing.

– Kva er det? spurde Alex.

Stemma hans skalv. Verken Irmelin eller eg svarte. Vi stod pal og berre lytta. Suset og flaksinga steig i styrke, kom nærmare og nærmare.

Brått sveipte noko rett over hovudet mitt. Eg skvatt som søren. Det baksa i venger.

– Kva er det der? ropte Alex.

Stemma hans var full av panikk. Irmelin berre beina innover. Vi følgde etter, mens sus frå ville venger høyrdest over hovuda våre.

Eg sprang alt eg kunne, men hadde problem med å halde følgje med dei.

Plutseleg dunka eg rett inn i ryggen til Alex.

– Hei, gi deg, da! ropte han.

– Sorry, mumla eg. – Men spring vidare, for svarte!

– Men sjå! sa Alex.

Først no skjønte eg kvifor Alex hadde stansa. Irmelin stod like framfor oss og lét lommelykta jobbe.

Eg fekk hakeslepp.

Vi var komne inn i den reinaste salen. Ei grotte like stor som ein fotballbane. Den tynne lysstrålen lyste opp stadig fleire detaljar: grov, fôrete stein, men også kjelda for lyden: flaggermus i hopetal i grottetaket, høgt, høgt over oss. No baksa dei i panisk flukt gjennom grotta.

Hundrevis!

Lyset gjorde dei tydelegvis urolege, og dei kasta seg ut i mørket, bort frå den borande lysstripa. Lyden av venger vaks stadig i styrke, og hordar av flaggermus streifa rett over oss, vi dukka, heldt hendene over hovudet, det virra vengedyr overalt, dei strauk ut frå grottedjupet – og vidare ut i den skoddefylte natta.

Endeleg, etter fleire minutt med flaksing og baksing, stilna lyden.

Irmelin var den første som reiste seg.

Lommelykta skalv i handa hennar no. Men ho leita seg målretta fram, søkte over steingolvet, veggar, tak.

Til slutt stansa lyset.

Alex og eg reiste oss opp. Vi skjønte brått kva Irmelin hadde funne.

Midt i den enorme grotta stod det ein sokkel. Oppå sokkelen stod det noko. Utan at vi kunne sjå akkurat kva. Men det var som om denne gjenstanden var sett fram på utstilling.

Langsamt nærma vi oss sokkelen. No var det berre eit og anna flaks over oss. Til slutt heilt stille. Berre lyden frå våre eigne steg kunne høyrast. Irmelin heldt lommelyktstrålen stivt retta mot sokkelen. Han vaks gradvis i synsfeltet. Men det var først da vi stod ti meter unna at vi skjønte det. Kva som verkeleg var stilt opp på sokkelen.

Ei likkiste.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå fleire bøker frå forfattaren her

Sjå fleire bøker i same sjanger her

På Netflix kan du sjå serien Sabrina. Sjå trailer under:

https://youtu.be/ybKUX6thF8Q

Til toppen