Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Kamikaze

Geir Tangen Gyldendal 2019

Onkelen min sette full fart på rullebana på Haugesund lufthamn, og motoren i småflyet brølte så høgt at eg var sikker på at eg kom til å mista høyrsla. I nokre sekund var eg heilt vekke. Augo rulla bakover i hovudet, verda gjekk i svart, og alle lydar forsvann. Eg trur at eg skreik, men eg veit det ikkje. Då eg kom til meg sjølv, var me allereie i lufta. Eg og onkel Thomas. Heilt åleine i ein flygande blikkboks frå 70-talet. Eit bitte lite fly som onkel hadde skrudd saman sjølv på fritida.

– Du treng ikkje vera redd, Sander. Me kjem oss alltid ned att, sa onkel Thomas til meg då han såg panikken i augo mine. – Død eller levande, la han til og blunka lurt.

Død eller levande … Onkel var tjue år eldre og sytti kilo tyngre enn meg, og hadde det ikkje vore for at eg sat fastspent i setet og knapt kunne røra meg, ville eg ha banka livsskiten ut av han. Eg ville slått han helselaus. Han kunne berre sitja der og flire, det var ingenting med dette som var morosamt. Flyskrekken min var ei knipetong rundt hjarterota, og eg fekk ikkje pusta. Det var som om lufta gjekk ned i halsen gjennom eit tynt sugerøyr.

Eg har alltid vore redd for å fly. Berre tanken på det gjev meg sveittetokter. Det har vore så gale at eg droppa å vera med familien på sydentur førre året. At eg sat der ved sida av onkel, i ei skranglekasse med vengjer, og nesten pissa på meg av angst, handla om ein einaste ting.

Kjærleik

Med handa på hjartet hadde eg lova kjærasten min, Beathe, at eg skulle bli med ho og familien hennar på sommarferie til Frankrike om tre veker. Eg var for feig til å fortelje ho kor redd eg var for å fly. Då onkel Thomas fekk høyra om dette i bursdagsselskapet mitt for ei veke sidan, lova han meg at han skulle kurere flyskrekken min.

– Femten år gamle gutar skal ikkje vera redde for noko som helst, sa han.

Eg burde visst betre enn å stola på onkel. Han hadde lova meg at me aldri skulle letta frå bakken. Me skulle berre rulla att og fram på flystripa slik at eg fekk kjenna litt på korleis det var å sitja i eit fly. Så snudde han seg mot meg, gliste rått og gav full gass!

Typisk onkel. Gav faen i alt og alle. Gjekk sine eigne vegar. Gong på gong gjekk han på trynet i livet, men han reiste seg alltid, børsta støvet av buksa og tura på som før. Å stola på han var som å lita på at ein veps som sette seg på fjeset ditt, ikkje ville stikka. Det gjekk ofte bra, men trygg kunne du aldri vera.

Flyet steig høgare og høgare. Alt eg såg, var ein blå himmel som breidde seg ut i det uendelege. Sola som stakk meg i augo. Hendene mine klamra seg fast til setet, og knokane kvitna. Eg prøvde å skjule at tårene spratt, men til slutt gav eg berre etter og lét dei renna. Eg slo onkel Thomas i skuldra med knyttneven.

– Faens pikk! Få oss ned! Høyrer du, onkel? Dette er ikkje morosamt. Få oss ned! Eg er redd.

Onkel såg overraska ut og rista på hovudet. Kva var det han hadde trudd? At eg ville føle meg trygg og fin berre me kom oss opp i lufta? Han var ein idiot, og eg lova meg sjølv at om me kom oss ned att, så skulle eg hemne meg. Ripe tjukke striper i lakken på den gamle veteranbilen hans som han var så stolt av. Skjera hol i dekka. Slå han halvt i hel. Kva som helst.

Han smilte ikkje lenger, og eg såg i sidesynet at han byrja trykkje inn fleire knappar på instrumentbordet føre seg. Flyet plana ut, og det øyredøyvande motorbrølet gjekk over i ein jamn dur.

Eg heiv etter pusten. Hiksta og tørka tårene som best eg kunne. Langt der nede kunne eg sjå hus og vegar, bakkar og lier som strekte seg ut. Fjorden som glitra i sola. Det var sikkert vakkert for dei som likte slikt, men eg ville berre ned att. Det kunne vera det same med heile Frankrike-ferien. Beathe kunne ryke og reise. Dette skulle eg aldri gjere igjen.

– Du, sjå her …

Onkel var alvorleg. Det ertande glimtet i augo var borte. Han hadde kanskje innsett kor redd eg var, og at han hadde gått for langt ved å lure meg opp i flyet?

– Dette er heilt trygt. Å styre eit fly er den enklaste saka i verda. Det er berre å halda spaken stødig, så gjer flyet resten av jobben sjølv. Eg ser at du er sint, men eg ville berre visa deg at for ein pilot er det å fly like naturleg som å køyra bil for ein drosjesjåfør. Om eg ville, så kunne eg ha lese avisa her oppe, eller tatt meg ein høneblund. Gjer som eg seier, Sander. Ta tak i spaken føre deg …

Skrekken greip tak i meg. Det kom ikkje på tale! Eg rista på hovudet og beit tennene saman så kjakane knaka, men så kjende eg handa hans som tok tak i hendene mine og førte dei varsamt bort på spaken. Han bad meg halde han fast utan å dra han i noka retning. Så smilte han igjen. Like etter trykte han inn nokre knappar til og slapp spakane. Hjartet mitt hogg til, men han la ein neve på skuldra mi og såg på meg med ein ro som smitta.

– No er det du som fører flyet, Sander. Det er dine hender. Kjenner du kor trygt me ligg i lufta? Det er ingenting å vera redd for. Her oppe kan det ikkje skje noko gale.

Men sjølvsagt kunne det gå gale. Det hamrande hjartet mitt fortalde meg at det kunne gå gale. Dei kjenslelause hendene mine som klamra seg til spaken insisterte på det same. Den metalliske smaken av blod i munnhola. Magen som velta seg rundt som ein tørketrommel. Alt inni meg ropte på at dette kunne gå frykteleg gale.

Og det gjorde det og …

3000 meter oppe i lufta, midt mellom Haugesund og Stavanger, og halvvegs inn i songen «Fly me to the moon» med Frank Sinatra, slokna onkel.

Det skjedde så fort at eg fekk det nesten ikkje med meg. I den eine augneblinken kika han på meg og smilte. I den neste var det som om det blei skrudd av ein brytar inni hovudet hans. Augo stivna, kjaken fall ned, og det var som om alle musklane i andletet hans slapp tak i festet. Så sokk hovudet ned på brystkassa.

Fyrst skjøna eg ingenting av kva som skjedde. Kroppen hans seig saman, og det såg ut som om beltet var det einaste som hindra onkel i å sige ned på golvet. Eg slapp tak i spaken med eine handa og dunka i han fleire gonger.

– Onkel! Onkel! … Kva er det du gjer? Slutt å tulla. Høyrer du?

Eg dunka igjen og ropte høgt for å vekkje han. Same kva eg gjorde, så var det ingen respons. Angsten greip tak i halsen min då eg skjøna kva det var som hadde skjedd.

Onkel Thomas var død.

Han var stein død, og eg kunne ikkje gjera noko. Cockpiten var så liten at det var uråd å snu seg i setet. Uråd å koma til for å gje munn til munn eller hjartekompresjon. Dessutan sat eg fastspent og var nøydd til å halda hendene på spaken. Om ikkje ville flyet peike nasen rett ned, det var eg overtydd om.

Eg fekk ikkje til å pusta skikkeleg, og det peip i halsen kvar gong eg prøvde å trekkje luft. Det svimla for augo mine. Tårene trilla, og eg var så kvalm at det var rett før eg kasta opp. Onkelen min var kanskje ein idiot, men han var kanskje den einaste i familien min som verkeleg brydde seg om meg. Eg kunne alltid lite på at han var der for meg. Sjølv om han rota det til og fann på tankelause ting, så var han fyrstemann til å forsvare meg når mor mi eller far min skulle ta meg for noko. Alle vonde kjensler som var lagra i kroppen min, kom ut av meg i det same det gjekk opp for meg kva som hadde skjedd. Eg brølte så høgt at stemma mi brast. Eg var femten år gamal, men grein som ein liten toåring i flysetet.

Sorga over å ha mista onkel Thomas lamma meg heilt. Først etter nokre minutt prøvde eg å riste liv i onkel, men ingenting hjelpte. Då eg skubba i han, dingla han fram og attende i beltet ved sida av meg. Bleik og livlaus. Munnen hans hadde glidd opp, og tunga hang slapt ned mot haka. Eg tørka tårene og prøvde det beste eg kunne å skjerpa meg. Hovudet var ein graut av tankar og kjensler som greip om kvarandre i lufta utan å få tak.

Så plutseleg gjekk det opp for meg …

Det som skjedde, var det som aldri skulle skje. Det som ikkje kunne skje. Alle mine verste mareritt. Eg var heilt einsam i eit fly langt til vêrs, medan piloten sat død ved sida av meg og stirde ned i navlen sin. Eg styrte flyet, men kva hjelpte det eigentleg? Alt eg visste, var at eg skulle halda i spaken. Eg hadde ikkje ein snøballs sjanse i helvete til å landa skranglekassa.

Føre meg var det eit instrumentbord med så mange knappar og måleinstrument at det var uråd å skjøna noko som helst. Eg var ein pilot utan peiling. Ikkje visste eg opp og ned på instrumenta. Ikkje visste eg kvar eg var eller kvar eg var på veg. Ikkje korleis eg skulle landa, eller om det gjekk an å kalla opp eit flytårn som eg kunne kommunisere med. Eg visste ingenting.

Hjernen klarte ikkje tenka ein einaste fornuftig tanke. Det var som om han kortslutta gong på gong og sende små elektriske støyt gjennom kroppen. Minutta fauk forbi meg utan at eg fekk gjort noko som helst. Eg berre sat der. Mutters åleine og kika ut på den blå himmelen føre meg. Med jamne mellomrom tørka eg tårer og snørr. Prøvde å pusta. Prøvde å klarna opp tankane, men det ville seg ikkje. Tankane nekta å fokusere på korleis eg skulle redda meg sjølv. I staden gjekk dei til korleis eg kunne skifta ut spelelista til onkel. Sinatra gjekk meg på nervane, og no song han til alt overmål «Come fly with me» av full hals. Av ein eller annan grunn kjentest det naudsynt å få stogga den hersens musikken.

Slik er det kanskje? At når hjernen eigentleg burde retta seg inn på problemløysing, svitsjar han i staden over til komplett tankeløyse? Hjernen koplar ut, tiltar og trykkjer inn panikk-knappen. Er det slik det er?

Omsider klarte eg på eitt eller anna vis å ta meg saman. Eg hugsa ein film eg hadde sett for ei stund sidan der helten hoppa ut av flyet i fallskjerm då det byrja å brenne i motoren. Eg kika bort på onkel Thomas, strauk handa mi over skuldra hans og bad til høgare makter om at han for ein gongs skuld hadde tenkt lenger enn til sin eigen nase. Eg heldt fast i spaken med eine handa medan eg fekk løyst setebeltet med den andre. Så bøygde eg meg fram og kjende etter med hendene under setet.

Hjartet slapp tak i halsen, og eg jubla høgt. Eg kjende ei intens glede som eg ikkje hadde kjent sidan den dagen eg kyssa Beathe for fyrste gong. Under setet låg den fallskjermen som eg hadde kryssa fingrane for at onkel Thomas hadde hugsa på å ta med i flyet. Om eg berre fekk han på meg, kunne eg kanskje finna ein eller annan mekanisme som gjorde at eg kom meg ut av flyet og fekk redda meg med å hoppa ut? Det var vel berre å trekkje i snora etter nokre sekund i fritt fall, var det ikkje?

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Les meir om boka Exit, som denne novella er henta frå

Boka er med i Uprisen – årets ungdomsbok. Sjå kva elevar i ungdomsskulen meiner om boka her

Hovudpersonen i Kamikaze har flyskrekk. Her er nokre mytar om flyskrekk

Kva tyder kamikaze? Les meir her

Boktips:

Jag är Supermann av Lars Mæhle
Blå flaggermus av Harald Nortun
Z for zorry av Marit Kaldhol
Bebe av Bente Bratlund
Stavanger Stories 1 av Terje Torkildsen

Til toppen