Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Mareritt

Linn T. Sunne Samlaget 2019

KAPITTEL 1

Eit skrik skjer i øyra mine.
Eg set meg brått opp i senga, tørr i munnen,
skjelven i kroppen. Kvar er eg?
Kven skreik så desperat?

Hjartet dunkar hardt, det gjer vondt i brystet.
Eg ser meg rundt i det halvmørke rommet, skjøner
ingenting. Vindauget er på feil plass, møblane
ukjende. Dette rommet … Det er jo mitt.
Eg, Mia og mamma bur her no. Ei veke har vi
budd i Smeby.

Skriket frå draumen gjallar som eit ekko inni
hovudet. Eg hugsar ikkje noko anna enn dette:
eit jenteskrik, eit fortvila hyl.

Var det Mia? Eg drar dyna til side, set føtene mot
det kalde golvet og går til naborommet.
Mia pustar roleg, og eg lukkar døra stille. Går tilbake
til rommet som enno ikkje kjennest som mitt eige.

Eg drar gardinene til side og ser ut. Månen skin
over hagen, ein plenflekk som skrånar ned mot ei
brei, nattsvart elv. Rett ved elva ligg eit kvitmåla,
lite dokkehus, som Mia elskar.

Då ser eg det.
Ei jente utanfor dokkehuset. Ei ganske lita
jente, med bustete hår. Det er som om ho gløder,
som om det brenn i auga hennar. Ho står og ser
opp mot huset, og eg får ei ekkel kjensle.
Den jenta vil meg ikkje noko godt.

Hjartet bankar hardare att, uroa spreier seg i
kroppen. Eg lukkar auga, pustar djupt.

Då eg opnar auga, er det heilt mørkt i hagen.
Inga lysande jente.
Ein bil køyrer på andre sida av elva, det er alt.
Natta er mørk og stille i Smeby.

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Les meir om boka her

Sjå fleire bøker i Grøss og gru-serien her

Mareritt er med i antologien til Bokslukarprisen på 6. trinn. Her kan du sjå kva elevar meiner om utdraget

Kva meiner du om utdraget? Legg igjen ei melding under utdraget på denne sida.

Andre grøssarbøker:

Heksa av Atle Hansen
Svartedalen av Atle Hansen
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland
Glimt av Tor Arve Røssland
Svart senker natten seg (bokmål) av Aleksander Kirkwood Brown
Heksenatten (bokmål) av Alexander Løken

Filmtips:

Better Watch Out:

Til toppen