Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Polarnatt

Sunniva Relling Berg Samlaget Illustratør: Bjørn Rune Lie 2019

ILIAS, 16 ÅR
LANGS EIN VEG NORD I NORGE

Ilias går raskt.
Han held den vesle handa til Amira,
ho må småspringe ved sida av han.
Snøen knirkar under føtene deira.
Vegen er så lang.
Ilias ser berre veg og brøytestikker,
den svarte himmelen et opp resten av landskapet.

Det er over fire timar sidan dei sneik seg ut
frå asylmottaket.
Ilias håpte dei skulle vere framme no,
men han ser ingen hus.

Amira drar i handa hans og peiker på himmelen,
på ei bølgje av grønt lys.
Nordlys.
Grønt som sjalet til mor.
– Sjå, lyset blir rosa, seier Amira.

Amira er den einaste familien Ilias har no.
Første gong han heldt Amira, var han sju år.
Ho var lett som ei fjør.
Dei tynne skrika stilna då han strauk henne over nasen.

Då ho var tre år, sprang ho mot han
kvar gong han kom heim frå skulen.
Han løfta henne og snurra henne rundt.
Ho lo så høgt at naboane kikka ut frå vindauga.
Minna høyrer til i ei anna verd, eit anna liv.
Ho ler ikkje så mykje no.
Han lova å passe på henne,
men no har han sett alt på spel.
Dei kan ikkje bli her ute.
Sekunda spring frå han, dei må nå fram i tide.

Han klemmer handa til Amira og byrjar å gå.
– Men eg er så sliten, seier Amira.
– Tærne mine gjer så vondt, seier ho.
Ilias hukar seg ned.
– Kva om du får sitte på ryggen min?
Han kjenner dei tynne armane til Amira rundt
halsen.
Han tar tak under knea hennar og reiser seg opp.

Amira kunne vore trygg no, endeleg,
om han berre ikkje hadde vore så dum.

Han blir kvalm av å tenkje på det han har gjort,
og går raskare.
Pusten til Amira er varm mot nakken hans.
Men vegen er så lang, og kulda er skarp.

Han har høyrt at rett før du frys i hel,
kjenner du deg varm.
Du er så kald at du blir varm,
og byrjar å dra av deg kleda.
Vegen og brøytestikkene sym framfor auga hans.
Han veit om verre måtar å døy på.

Ilias held hardare rundt Amira.
Då høyrer han rumling, som torevêr langt unna.
Han snur seg og ser eit lite lys ute på vidda.
Det må vere ein snøskuter.
Skuteren køyrer mot vegen Ilias og Amira går på.
Lyset nærmar seg fort. Er det Nils?
Brøytekanten er høg på kvar side av vegen.
Ilias dukkar ned.
Kva skal han gjere no?
Rumlinga aukar i styrke.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

AMIRA, 9 ÅR
I SKJUL AV EIN BRØYTEKANT

Amira strammar armane rundt halsen til Ilias,
fingrane er stive og vonde.
Føtene er tunge isklumpar.

Ho kjenner at Ilias bøyer seg ned.
Har dei komme fram?
Ho ser ingenting nytt,
berre denne vegen, denne uendelege, dumme vegen.
Men Amira høyrer ei brumming,
som om ei kjempebie summar mot dei.
– Kjem nokon etter oss? spør ho.
Ilias vender seg brått til sida.
Amira held på å skli ned, held hardare fast.

– Vi må gøyme oss bak brøytekanten,
seier Ilias og hjelper henne opp.
Snøen er først hard å gå på,
men så blir det mjukare.
Ho stoppar og ser at Ilias skuffar snø over spora deira.
– Kva skjer om dei ser oss? spør Amira.
Ho forstår ikkje kvifor Ilias er så redd.
Ho trudde dei var trygge her.

At dei endeleg var framme, at dei ikkje skulle flykte meir.
Så sliten ho er! Ryggen verker,
og det dunkar i armane hennar.
Ilias grev i snøen med hendene.
Hendene hans har blitt heilt raude.
– Det går fint, Amira. Eg treng berre litt meir tid,
seier han og peiker på dumpa han har grave i snøen.
– Gøym deg no, seier han.
– Men då blir eg våt gjennom kleda, seier Amira.
– Berre gjer som eg seier!

Kvifor er Ilias så sint?
Amira set seg på kne.
Leggane blir kalde og våte med det same.
Ilias legg handa mot hovudet hennar,
og ho må bøye det ned mot snøen.
Ho trekker jakka over hendene,
legg panna mot det stive stoffet.

Amira vil berre tilbake til mottaket. Til varmen.
Ho kjenner ikkje hendene sine lenger.
Snøen stikk spyd inn i leggane hennar.
Summinga frå snøskuteren kjem nærare og nærare.
Ho veit ikkje lenger om ho skjelv av redsle eller kulde.
Inni seg er ho berre kvit.

Glatt.
Kva skjer når snøskuteren kjem?

ILIAS
MED DURINGA FRÅ EIN SNØSKUTER I ØYRA

Snøen er hard mot knea til Ilias.
Kald som stål.
Kulda kryp lenger og lenger inn i han.
Ilias legg handa på ryggen til Amira,
stryk opp og ned.
Han vil så gjerne varme henne.
Dei må berre komme seg til Henriksen,
før nokon oppdagar dei.
Henriksen er det einaste håpet Ilias har.

Det var Farid på mottaket som snakka om Henriksen.
Første gong Ilias såg Farid, var han grå i huda.
Han sat med ryggen bøygd og stirte i golvet,
tom i blikket.
Men etter at han hadde jobba hos Henriksen,
fekk auga til Farid ein glød.
Henriksen har gjort meg rik, sa Farid.
Få dagar seinare drog Farid frå mottaket.

Ilias lyttar.
Kan det stemme? Har snøskuteren snudd?
Ilias kikkar over brøytekanten.
Han ser ikkje lenger noko lys på andre sida.

I lomma kan han framleis kjenne servietten,
der det står korleis han skal finne fram til Henriksen.
Kanskje kan dei framleis rekke det!
Med ein ny varme i kroppen løftar han Amira opp.
Han ber henne ned på vegen.
Ho er så uformeleg i armane hans.
Dirrande.
Som om ho har fått elektrisk støyt.
Ilias ser at ho er blå på leppene.

Det er framleis eit stykke att til Henriksen.
Hadde dei berre hatt betre tid.
Han er så sint på seg sjølv.
Så frykteleg sint.
Han prøver å springe, men det er vanskeleg
når han ber Amira i armane.
Hovudet heng over armen hans.
Auga hennar er berre halvt lukka.
– Dette går fint, Amira. Høyrer du meg?

Men så: Stilla har fått ei flenge –
Der, framfor dei, har snøskuteren snudd.
Igjen kan Ilias sjå lysprikken.
Duringa aukar i styrke.
Nils leitar etter han.
Men Ilias kan ikkje legge Amira ned i snøen att,
ho er for kald.

Han pressar henne inntil seg.
– Amira?

Duringa frå snøskuteren festar seg i Ilias,
strammar over brystet.
Og så høyrer han endå ei brumming.
Ein bil?
Bilen kjem bakfrå.
Han er fanga her,
alt er berre svart og kvitt.
Snø og mørke.

Ilias kjenner på kinna til Amira.
Det er som å kjenne på kaldt glas.
Han klemmer henne inntil seg og blir ståande.
Snøskuteren kjem nærare og nærare.
Men det er billyktene som treffer Ilias først.
Han høyrer bilen sakke ned.
Motoren blir slått av og ei dør opna.

BONUS:

Les meir om forfattaren her

Sjå andre bøker frå forfattaren her

Les meir om illustratøren her

Kva er ein asylsøkjer? Les meir her

Boktips:

Jag är Supermann av Lars Mæhle
Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen (bokmål) av Bjørn Sortland
Sommer i Norge (bokmål) av Taran Bjørnstad

Brev til Noreg av Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik
Ikkje ver redd sånne som meg av Sumaya Jarde Ali

Til toppen