Utdatert nettleser Det ser ut som du bruker en gammel nettleser. Faktafyk.no krever IE 8 og nyere versjoner av Internet Explorer. Last ned nyere nettleser her

Skogen den grøne

Ruth Lillegraven Samlaget Illustratør: Mari Kanstad Johnsen 2018

INN I SKOGEN

eg
stansar
i ein sving
langs vegen
klyv over
ei grøft

løftar
eit grønt slør
av bjørkeblad

her startar stien

her forlèt eg
bråk og støy

går inn
i ei stillare
mjukare
verd

 

NOKO NYTT

eg er
så lei av alt

søsken, foreldre
lekser, leiker, blokk
og bakgard, alt så
lite og trongt

i skogen
kan konglene vere
vennene mine, søster
og bror, far og mor

og ein dag vil
kanskje ei kongle
opne seg, sleppe eit frø
som blir til ei perle, ein ball
eller ein raud ballong som
svevar vekk mellom trea

 

ORMEN

stien er
ein brun orm
som buktar seg
bort frå alt der ute
inn i det hemmelege

no lokkar han på meg

her har folk gått før
seier han

her kan du også gå

berre vent, det er
så mykje å gjere
så mykje å sjå

 

HAUST

høyr!
kviskrar stien

hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren

og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna deler av teksten og lydfila.

Til toppen