Opplegg til Ein bror i verdsrommet
av Rune F. Hjemås
Opplegget er laga av Nynorsksenteret
FØR LESINGA:
Forslag til innleiing til utdraget:
Lytt til songen «Bror» av Ingebjørg Bratland.
Sjå på bokomslag, tittel og fargebruk. Snakk om forventningar til utdraget. Bruk gjerne spørsmåla under i samtalen:
– Kva trur de boka handlar om?
– Kva ser de på framsida?
– Kven trur de personane på omslaget er?
– Kjenner de til stjernebiletet som er på framsida? (Ein ide her er å søke det opp på nettet. Stjernebilete, hund. (Sirius, hundestjerna, store hund))
– Kva tankar får de om fargebruken på omslaget? (kan nokon av fargane samanliknast med fargar i verdsrommet, ev. kva for nokre fargar? Er her kontrastar i fargebruken? Kva farge har personen som svever? (Oskegrå? I kva samanheng kan ein seie at nokon er oskegrå?) Når har ein kvite klede på? Kva kan det eine raude vindauget vere?)
UNDERVEGS:
Be elevane lage ei oversikt over kven som er med i utdraget, og be dei skrive nokre stikkord til kvar person.
ETTER LESINGA:
Snakk om boka i heil klasse.
– Kva tenkjer de om tittelen på boka etter å ha lese utdraget? Be elevane grunngje svara sine.
– Samtale om bokomslaget og utdraget: Ser de bokomslaget på ein annan måte etter å ha lese utdraget? Skjønar de meir av biletet på framsida no? Gav utdraget nokon svar til illustrasjonane?
– Var det noko elevane undra seg over i utdraget? Var det vanskelege ord?
– Be elevane dele stikkorda sine om personane i boka. Samle informasjonen på tavla.
Individuelt først, så klassesamtale:
Be elevane lage eit Venn-diagram der dei ser på like og ulike ting ved å vere i verdsrommet og å vere på sjukehuset. Samle punkta til elevane i eit felles diagram på tavla. (Forslag til korleis Venn-diagrammet kan sjå ut, finn de her: Venn-diagram)
Etterpå kan de ha ein samtale om det det var lett eller vanskeleg å finne like og ulike ting ved å vere på sjukehuset og i verdsrommet.