Tid for ti
Velkomen til Tid for ti. Dette er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn, og den inneheld ein antologi med tekstutdrag frå gode bøker på nynorsk tilpassa målgruppa. Tid for ti rettar seg både mot dei elevane som har nynorsk som hovudmål og elevar som skal ha nynorsk som sidemål på ungdomsskulen. På denne nettsida finn du tekstane frå antologien, lydfiler av utdraga, bonusmateriell, aktivitetar, konkurransar og lærarrettleiing.